| Psykiatrialliansen | Logo

Juleverkstad 2025  

18. November 2025 13:27


ADHD Norge Bergen lokallag, Psykiatrialliansen og Stiftelsen Betanien inviterer til eit juleverkstad litt utanom det vanlege, med kafé og chill-sone, gymsalaktivitet og juleverkstadstasjonar. Vårt hus på Betanien har mange rom – bokstavleg tala! 

Hvor: Vestlundveien 19, 5145 Fyllingsdalen
Når: Søndag 23. november kl. 13.00-15.00


Her er programmet: 
 
A. Gulerommet:
 
ADHD-kafé og chill-sone. Særskild for vaksne og seniorar. 
Her er det kaffi og og te, ingen produksjon, heller ingen samtalekrav, berre fri prat viss nokon ynskjer det, og tilgong til likeperson. 
Roleg lys og dempa lyd og sone for dei som treng pause frå alt. 
 

B. Kantina:
  
Smellbonbon–stasjonen. 
Lag ein eller 10! 
På denne verkstaden vert dorullar nytta til noko som smell litt meir.  
På denne stasjonen får du laga heimelaga smellbonbon med knall og godteri inni.  Kanskje du også vil skriva eit lite personleg julekort inni? Eller vert det til morosame bordkort? Eller pynt på kransekaka! 
Ta gjerne med dorullar og restepapir viss du har! 
 

C. Kantina:
  
Nellikappelsin 
For dei som treng ro, lukt og repetitivt arbeid 
Appelsiner med nellikmønster som ein tradisjonell aventskalender, eller som eit eige kunstverk. 
Lag gjerne fine mønster: Prikkar, spiralar og initialar.
 
 
D. Kantina: 
 
Til-og-frå-lappar og julekort 
Me har eige «stempel-buffetbord» med figurstempel og bokstavar, me har tusjar, blyant og vannmaling. 

 
E. Gymsalen: 

Innebandy og sportsaktivitetar 
Frå 13 år, vaksne og seniorar. 
Har du mykje energi og treng ein pause frå dei rolege aktivitetane? Kom i gymsalen og rør på kroppen! 
Her kan du: 
Springa og bruka energi, få ro tilbake 
Spela korte, uformelle kampar 
Skyta på mål 
Me har også yogamatter til dei som vil turna litt i foajeen!



Les 1 andre nyheter om Sosial kafé:

Faste treninger: | Til aktivitet: Sosial kafé | |
Dag og tid: Søndag Kl: 13:00 - 15:00
Sted: Stiftelsen Betanien
Adresse: Vestlundveien 19, 5145 Fyllingsdalen
psykiatrialliansen.no © Psykiatrialliansen 2025
E-post: post@psykiatrialliansen.no
Telefon: +47 451 13 754
Facebook | Instagram

Psykiatrialliansens personværnerklæring

Design og webutvikling av: Pål Frostad